Spennande kongepokal-finale laurdag kveld

Eit av dei store høgdepunkta under årets Landskappleik var finalen om kven som skulle vinne årets Kongepokal. Det er rullering kvart år på kva klasse innan A-klassene og seniorklassene for solistar innan spel og vokal og for danseklassane halling og par-dans. I år var turen komen til klassa for Dans fele A. 

Dei tre beste dansepara i klassa kom til finalen som var laurdag kveld. Dei dansa kvar sin dans framfor ein fullsett hall og ikkje minst dei tre dommarane som studerte kvart einaste steg dei tok. Det vart ei veldig fin finale og spenninga var stor på meisterkonserten sundag før avsløringa skulle komme. Til slutt vart det klart, dommarane hadde bestemt seg for at kongepokalvinnarar for 2026 er Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen

Resultatet etter finala ser slik ut: 

  1. Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen, som representerte #Hedmark. Dei dansa Pols frå Østerdalen 
  2. Tone Ingvaldsen og Snorre Kristiansen, som representerte FolkOrg og Bulder og Brak. Dei dansa Nordlandspols 
  3. Anne Nilssen Grytting og Stig Nilssen, som representerte #Hedmark. Dei dansa Pols frå Østerdalen

Dommarane i Dans fele var Linda LoktuØyvind Sandum og Veslemøy Nordset. 

Kogepokal

Foto: Hans Hjemdal

Foto: Thor Hauknes