Bukkene Bruse

Landskappleiken på Gol 2024 ynskjer velkomen til gruppa Bukkene Bruse under årets Landskappleik. Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal kom saman for fyrste gong i 1989 og har gjort seg særleg bemerka som folkemusikkgruppe sidan då. Gruppa har hatt ei lengre pause, men kom saman att i 2020, noko me er svært glade for. 

Bukkene Bruse har gjeve ut fem album, har vunne Spellemannpris og motteke Prøysen-prisen. Den strålande musikken førte til at trioen turnerte i inn- og utland, og tok dei med seg verda rundt i alt frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Dei vart utnevnde som offisielle OL-musikarar for OL på Lillehammer, eit oppdrag som tok dei til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München saman med Dronning Sonja sin vinterutstilling, og overalt der dei kom tok dei publikum med storm.

På denne konserten vil de også få høyre det lokale damekoret Kråkesølv, i samspel med Bukkene Bruse.

Det er med stor glede at me ynskjer publikum velkomne til konsert med Bukkene Bruse laurdagen under årets landskappleik!

Vel møtt godtfolk!

Annbjørg Lien – hardingfele, nyckelharpe
Arve Moen Bergset – kveding, fele og hardingfele
Steinar Ofsdal – fløyter

Billettprisar
Vaksen kr 350,-
Born under 16 år kr 150,-

Kjøp billetter her

Tirsdag 2024-04-30
Kråkesølv