«Kvar generasjon må ha sitt folkrockband. Med Gangar er stafettpinnen teken og framtida sikra.» Odd Nordstoga

Landskappleiken 2024 ynskjer velkomen til kanskje Noregs tøffaste folkrock gruppe akkurat no. Gruppa har sidan oppstarten i 2021 etablert seg som eit av dei råaste live-banda og er ein svært etterspord gruppe. 

Med utgangspunktet i norsk folkemusikk, blir alt frå reilendarar til springarar uttrykt på energisk og kul måte, akkompagnert av tunge riff og tekniske soloar på både el-gitar, bass, saksofon, trommer og sjølvsagt hardingfele. 

Gruppa er og kjent for å ha eit heseblesande show, som både involverar hattespark og kruking, noko som kjem til å gjere denne konserten til ein av dei store begivenheitane ein bør få med seg under årets Landskappleik. 

Gangar gav ut deira debut EP «Tre dansar» på Heilo, hausten 2022 og har ikkje liggi på latsida etter det. Fullengderen «Stubb» kom ut hausten 2023. Mottaginga har vore svært god og gutadn er allereie i gong med å laga nytt materiale. 

Me gler oss enormt! 

Mattias Thedens – Hardingfele
Oskar Lindberget – Saksofon
Richard Max – Gitar
Jonas Thrana Jensen – Bass
Henrik Dullum - Trommer 
 

«Norsk folkrock har ligget med brukket rygg helt siden Gåte var kule. Nå har endelig noen gjort noe med det! Fint, tøft og morsomt. Gangar er alt. Hvis du ikke blir glad av Gangar er du faenmeg sur!» Tuva Syvertsen


Kjøp billettar her


Vaksne: kr 350,-
Born under 16 år: Gratis i følge med vaksne. Merk: ein må tinge seg billett på førehand.

Tirsdag 2024-04-30