Tradisjonen tru, vert det også i år sjokoladekappleik på Landskappleiken! 
Vi inviterer alle born mellom 4 og 12 år til å delta med song, dans eller spel på scena i aulaen, Gol Skule.

For å kunne sette opp tidsramme ber vi om førehandspåmelding, og vi har sett eit tak på 60 innslag. Vi ynskjer at flest mogleg skal få delta, og har difor avgrensa deltaking til eit gruppeinnslag og eit soloinnslag per deltakar. Kvar deltakar får ein diplom og ein sjokolade.

Påmeldingsfristen er fredag 28. juni kl 12.00
Startrekkefølge vert publisert ved registrering på laurdag, og vi kan diverre ikkje endre på rekkefølga.
Merk: Det er plass til 60 innslag. Meld deg på i skjemaet under.

Avmelding
Om deltakaren ikkje kan stille likevel, er det fint om du/de sender ei melding til Marianne: 900 44 054

Registrering laurdag frå 11:45 - 12:30
Oppmøte og registrering, Gol Skule laurdag mellom kl. 11:45 og 12:30

Ta kontakt om du har spørsmål!

Marianne Øynebråten
Ansvarleg for sjokoladekappleiken
Epost: moeynebraaten@yahoo.no
Tlf: 900 44 054

 

Meld på via skjemaet her: