Røtneims-Knut, leug og mjuk
det finst ikkje nokon som kasta han ut
inkji i Hemsedal, inkji i Gol
inkji på Tørpo og inkji i Hol

Kjelde: Gunnlaug Lien Myhr - Folkesong i Hallingdal
 

Landskappleiken er glad for å kunne ynskje velkomen til ein urpremiere av framsyninga «Rotneims-Knut» basert på historier henta frå gamle bygdebøker i Gol. 

Stordansaren frå garden Rotneim var både «leug og mjuk» og gjekk frikar på leikskeid og dansefetar. Han var kjent for å gjera svært høge kast. Det var svært få som kunne kappast med han. Samstundes var han ein alkefant. Det enda ofte med slåsting og endå til knivstikking. Slik kom han på kant med både sambygdingar, lensmann og prest.

Knut Andresson (1810-1851) kom frå Perigarden på Rotneim. Difor namnet Rotneims-Knut. Dette er forteljinga om korleis Rotneims-Knut levde eit utagerande og rastlaust liv som enda på tragisk vis. Forteljinga byggjer i all hovudsak på faktiske hendingar, men innhaldet er oppdikta. Korleis hadde han det, Rotneims-Knut? Og koss var han å vera i lag med? Ja, kva tenkte kona hans, Margrete, om samlivet deira? 

Eldgrim Springgard har skrive manus. 
Rannveig Øygardslia er produsent. 
Vetle Springgard har ansvar for koreografi. 
I hovudrollene møter me Ådne Kolbjørnhus, Vetle Springgard, Margit Myhr og Eirik Fuglesteg Luksengard. 
Musikken er ved Helga Myhr og Åsmund Fauske Jøtun

Gå ikkje glipp av denne eineståande forestillinga! 


Kjøp billettar her

Vaksen kr 350,-
Born under 16 år kr 150,-

Tirsdag 2024-04-30