Det er no utseldt for plassar for bubil/campingvogn på den opprinnelege kappleikscampingen. 
Vi har oppretta eit nytt område som og er like ved kappleiksarenaen. 

Klikk deg inn her for å bestille deg plass på det nye området. 

Teltplassar
Det er ledige plassar for telt på teltplass D

Privat overnatting
Det er framleis private hus til leige.

kart over kappleikscampingen


Val av plass på campingen
For å velje plassen eller plassane du ynskjer å bestille, må du fyrst fylle ut alle felta i skjemaet. Du får opp val av plassen/plassane til slutt. 

Camping A: Plassar for campingvogner/bubilar - UTSELD
Camping B: Teltplassar, ikkje mogleg å bestille ein fast plass - UTSELD
Camping C: Plassar for campingvogner/bubilar - Stillecamping - UTSELD
Camping D: Teltplassar, ikkje mogleg å bestille ein fast plass
Camping E: Plassar for campingvogner/bubilar - UTSELD

Prisar for ein plass som er for ei vogn, ein bubil eller eit telt
Camping A, C og E for bubilar og campingvogner kr 2400,- per plass inkl straum. - UTSELD
Camping B for telt kr 1300,- per plass inkl straum. 
Camping D for telt kr 800,- per plass - her er det ikkje straum. 
Prisen gjeld for heile Landskappleiken. 

Ved kjøp av fleire enn ein plass om gongen
Dersom du kjøper f.eks. tre plassar, klikker du på dei plassane du ønskjer å kjøpe. 
Ønskjer du å tinge fleire plassar på ventelista så “kjøper” du ein billett per plass du ønskjer å ha på ventelista. 

Vi treng namn på alle bestilte plassar
Vi treng namn og kontaktinformasjon til ein kontaktperson per plass. Om du bestiller fleire plassar, må du fylle inn informasjonen til kontaktpersonane på dei andre plassane, i tillegg til din eigen. Merk at alle kontaktpersonane skal vere over 18 år.

Betaling
Du kan betale med vipps eller kort. 
Sjå ellers her for kjøpsvilkåra for kappleikscampingen

Val av plass
Etter at du har fylt inn kontaktinformasjonen får du opp setekartet (illustrert under), kor du kan velje plassen du vil ha. Hald musepeikaren over det feltet du ynskjer å bestille deg plass på, A, C eller E og vel deretter plassen du ynskjer.  MERK: B og D er teltplassar som der du bestiller plass på området, ikkje ein spesiell plass. NB! plassane A, B, C og E er utseld. 

Dette illustrasjonsbilete syner val av ein plass: 
Du kan flytte musepeikaren til den plassen du vil ha og vele den, den eller dei plassane som er orange er dei du har valgt. Dei blå er ledige og dei som er grå er solgt. 


Gjennomfør alle trinna i bestillinga
Følg trinn for trinn for å bestille deg plass på campingen. Du kan klikke på den plassen du vil ha, men merk at kartet er kalla “setekart” og plassane er kalla “sete” då dette er bygd på kart berekna for konsertsalar. Det er felt og sete som viser til plassen, “rad 1” har ikkje nokon betydning her.

Samandrag av bestillinga og godkjenning av kjøpsvilkåra.
Før du går til betaling får du opp samandrag av bestillinga. Slik kan du sjå over at du har bestilt det du ynskjer før du betalar. Du kan betale med kort eller vipps. Merk at du må godkjenne våre kjøpsvilkår for å kunne bestille deg plass på kappleikscampingen

Bestilling_LK_2025

HER BESTILLER DU DEG PLASS PÅ KAPPLEIKSCAMPINGEN

1 billett = ein plass på campingen eller 1 nr på ventelista

Teltplassane er delt i to soner, der B er inkl straum og er tett på arenaen og D er litt meir skjerma frå arenaen, her er det ikkje straum. 

Det er ledige plassar på den nye kappleikscampingen for bubil og campingvogn. Klikk deg inn her og bestill deg plass.

NB! Avstandskrav til campingvogn, bubil, telt er 4 meter. 

1 billett = ein plass på campingen

Mandag 2025-06-16

Det er ledige plassar på den nye kappleikscampingen for bubil og campingvogn. Klikk deg inn her og bestill deg plass.