Fredag vert det tevla i desse klassane, det er svært mange på scena i dag.
Eldre folkemusikkinstruemnt junior og senior
Her kan du sjå heile programmet for Landskappleiken
Solid konsert- og kulturprogram
Mange ser fram til konsertane under årets Landskappleik, og i dag kan du oppleve Sjokoladekappleik fredag, Konsert og dans for heile familien, Kvedarkrok , Forestilling: Danse mi dokke, springe min hest, Plateslepp med Knut Hamre, GNISTsamling for ungdom på Landskappleiken og Plateslepp med Øivind Vabø . Med andre ord eit rikt program!
Dansespel på tre golv torsdag kveld!
I dag fredag kan du oppleve god dansemusikk på to golv - i matteltet, i samfunnshuset og i hallen. Her kan du danse til både runddans og bygdedans frå mange ulike plassar i landet.
Du kan sjekke ut dansespelet på nettsida her, det er nokre ledige økter så meld deg på til dansespel!

Les meir om sjokoladekappleiken fredag og sjå kven som skal delta her
APP til Landskappleiken 2025
Vi har eigen app til Landskappleiken. Den kan du laste ned ved å søke opp “landskappleiken” eller “landskappleiken 2025” der du lastar ned appar. I appen og her på nettsia vert det opplyst om det vert endra tidspunkt og andre endringar som vil kunne skje.