Storslått opningskonsert: «Her har me butt»

Tid: 25. juni kl. 19:30 - 21:30
Stad: Eidfjord idrettshall

Opningskonserten til Landskappleiken i Eidfjord har fått namnet «Her har me butt», inspirert av diktet «Her har eg butt» av Olav H. Hauge. 

Opningskonserten er vår største konsert og Kulturminister Lubna Jaffery er med på opninga. – Eg gler meg spesielt til årets opningskonsert, og har til og med høyrt rykte om ei overrasking eller to, seier ho. 

Menneske, musikk og natur heng saman. Me er prega av der me har butt og bur. Me får ein felles klang og eit eige uttrykk kvar for oss. Dette skapar fargar og nyansar som er med på å lage eit fargespel. 

Konserten skal syna eit mangfald innan folkemusikk på tvers av alder, sjanger og uttrykk. Her er eit spekter av menneske i alle aldrar som deler den same kjærleiken og tilhøyrsla til musikk, song og dans.

Med oss har me utøvarar frå Hardanger og Voss; nokon har butt her heile livet, nokon har vakse opp her, andre har flytta hit, nokon er til og frå.

Her får du høyra hardlingfelespel, toraderspel, song og dans i solo og samspel. 

Ein kan blant anna venta seg gjensyn med grupper ein ikkje har høyrt på ei stund, som til dømes Trio Hardanger, born og unge i Hardanger Spelemannslag, ord frå Ruth Lillegraven, tonar frå blant anna Alexander Aga Røynstrand og Amalie Kinsarvik Tvilde, song frå Dei syngjande og dans frå Torkjell Børsheim. Konserten vert sydd saman med forteljing og bilete, og Lajla Renate Buer Storli er regissør for konserten. 

Velkomen skal du vera til å oppleva lyden og rørsla frå eit landskap med fjell og fjord, om du bur her, har butt her eller berre er innom for ei stund. 

Medverkande på konserten: 
-Dei syngjande 
Annlaug Børsheim, Berit Opheim, Kari Finne Sognnæs, Lajla Storli, Solbjørg Tveiten, Karen Fadnes Brattebø, Angun Sønnesyn Olsen, Anja Savic Røes, Jori Gjelland Lid, Synneva Gjelland, Tone Juve, Felicia Storn, Ellen Marie Geithung, Maria Folkedal, Monika Kolskår Toppe, Åsne Valland Nordli, Kari Malmanger.
-Torkjell Lunde Børsheim
-Ruth Lillegraven
-Alexander Aga Røynstrand
-Amalie Kinsarvik Tvilde
-Åse Teigland
-Durspelgruppa
Anita Solheim Bråvoll, Rannveig Djønne, Ingrid Standal Sørheim, Siri Nordgård, Silje Skare Storhei, Ole Gjerde, Amalie Tvilde Kinsarvik. 
-Hardanger Spelemannslag
-Hardanger Juniorspelemannslag
-Vidar Berge og Arngunn Timenes Bell
-Trio Hardanger 
Åse Teigland, Frank Rolland, Knut Hamre.
-Per Øyvind Tveiten og Britt Sørland
… med fleire… 

Her har eg butt
Her har eg butt meir enn ein mannsalder. 
År med vind og stjernor i høg rigg
har siglt framum. 
Tre og fuglar har slege seg til her, 
men eg har ikkje roa meg. 

Olav H. Hauge frå Spør vinden


KJØP DIN BILLETT HER
Her kan du kjøpe deg billett til konserten. Du får billetten tilsendt på epost rett etter at du har kjøpt billetten/billettane. Kjøper du fleire billettar er det du som får alle billettane tilsendt. Billettane vert skanna i døra inn til konserten og ein billett kan kun skannast ein gong. 

Opningskonsert: «Her har me butt» 

Fotograf: Elisabeth Emmerhoff