Godt programert dansespel
På Landskappleiken i år vert det godt programmert dansespeling - dans på tre golv og mykje bra dansemusikk!
Alle dansegolva våre er plassert med mindre enn to minutt gangavstand frå kvarandre, og det vert moglegheit til å dansa frå kl 15.00 – 02.00! I løpet av dansespelinga kan ein og vere heldig og få med seg eit plateslepp!
Familiedans for alle
Torsdag, fredag og laurdag inviterer me små og store til Familiedans. Kvar dag opnar me dansegolvet i matteltet med eit forrykande dansespel for heile familien. Her kan borna få visa sine beste hattespark og dansemoves. Kven veit - kanskje dukkar det opp nokre overraskingar?