
- Alle frivillige må ha på seg Frivillig T-skjorta når dei har vakt. Dette er uniforma som syner at du er på jobb.
- Når vakta di er over, ta av Frivillig T-skjorta, dersom du skal opphalda deg i festivalområdet.
- Frivillige som er på jobb skal ikkje nyta alkohol eller andre rusmiddel. De må òg møta edru på vakt.
- Me forventar at dei frivillige stiller med godt humør, og ei positiv innstilling. Då blir det så mykje kjekkare for alle.
- Møt opp tidsnok til vakta di.
- Gje melding i god tid om du ikkje kan møta til oppsett vakt.
- Dei fleste vaktene vil ha overlapping for å sikre at oppgåvene blir overført. Syt for å gjera deg kjend med arbeidsoppgåvene dine ved å spørja og observera dei andre. De vil få tilsendt ein omtale av arbeidsoppgåvene i lag med ein oversikt over vaktene dine.
- Som frivillig har du eit ekstra ansvar for å sjå til at alle har det bra. Om du oppdagar nokon som ser ut til å ha behov for hjelp, så meld frå til anten ordensvakt, nokon i hovudkomiteen eller til Røde Kors.
- Som frivillig pliktar du å gjera deg kjend med FolkOrg sine etiske retningsliner og varslingsrutinar: Retningsliner og varslingsrutinar
- Du pliktar òg å sjå videoen TRYGG PÅ FESTIVAL.
Saman skal me laga ein trygg og triveleg Landskappleik!