Dato: Fredag 27. juni
Klokkeslett: 19.00-21.00
Stad: Kultursalen, Vøringsfoss hotell
Gratis inngang for alle C-klassingar og junior-deltakarar på Landskappleiken!
Kræsjkurs i springar
Samlinga startar med kræsjkurs i springar frå Eidfjord, med lokale ungdommar som er instruktørar. Alle kan bli med, du treng ikkje ha danseerfaring frå før. Etter kræsjkurset vert det servert gratis pizza og brus. Det er “Gnistfonden for unge” v/ Eva Fischer som sponsar med mat og drikke til denne samlinga.
Spel og dans med Snaustrinda!
Sjølvsagt vert det både spel og dans, og det beste er når ungdom spelar for ungdom! Sjølvaste Snaustrinda Spelemannslag kjem og speler til dans. Det er også moglegheit for at andre kan spele/tralle ein slått. Ta med instrument og dansesko!
FolkLeiarUng
Det vert informasjon om FolkOrg sitt rekrutteringsprosjekt FolkLeiarUng ved Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland.
Gnist-prisen
Er ein gjev pris som vert gjeven til eit lag som jobbar svært godt med folkedans for barn og ungdom. Kven som får prisen i år får vi ikkje vete før på Meisterkonserten sundag!
Tusen takk til Eva oppretta Gnistfonden og som raust gjev til ungdommar som brenn for folkemusikk og folkedans! Og TAKK for at vi også i år kan dele ut Gnist-pris og ha ei slik triveleg ungdomssamling!
“Gnistfonden for unge” v/ Eva Fischer Les meir om Gnistfonden her (lenke)