Årleg samlast omlag 1000 aktive spelarar, songarar og dansarar i slutten av juni og tevlar i folkemusikk og folkedans. Det er omlag 5000 tilreisande som kjem til Landskappleiken kvart år. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangement, men som kvart år har ein lokal arrangør. I 2025 er det Hardanger Spelemannslag sin tur att.
Frå onsdag 25. til sundag 30. juni 2025 vil Eidfjord soleis vera vertskap for Landskappleiken og no treng me di hjelp til å husa alle gjestene som kjem til bygda.
Me treng alle senger Eidfjord kan by på, inkludert dei som vanlegvis ikkje vert leigde ut.
Dette er ei flott moglegheit til å leiga ut huset ditt, kjellarstova, eit rom i huset, hytta eller liknande. Alt er av interesse!
Hardanger Spelemannslag vil formidla kontakt mellom gjester og fastbuande som vil leiga ut. Leigeforholdet, avtalar og betaling for overnattinga skjer direkte mellom utleigar og leigetakar.
Landskappleiken kjem til Eidfjord!
Ta kontakt med Jenny Johnsen
Tlf: 900 68 187 / jenny@landskappleiken.no for å melda interesse eller for eventuelle spørsmål.
Her er forslag til prising av ulike overnattingstilbod:
- Heilt hus/hytte, 5-10 personar - 20.000,- (onsdag-sundag)
- Heilt hus/hytte - 2-5 personar - 10.000,- (onsdag til sundag)
- Kjellarleiligheit - 8000,- (onsdag til sundag)
- Rom i eit hus - 4000,- (onsdag til sundag)