Når de kjem til Eidfjord finn de stemnekontoret på Lægreid skule. Det er der deltakarregistrering og øvingsrom finner stad òg. Ved deltakarregistreringa sit det nokon og registrera at de er kome og så får de tildelt øvingsrom. Dette rommet har de i ca 30 min før de blir henta og synt til tevlingsscena. Bak scena blir de møtt av programleiarane som vil vite kva de skal spele/syngje.
Her finn de køyreplan for gjennomføringa av tevlingane, der står tidspunkt for når de har øvingsrom og når de skal på scena. Her kan det skje forskyvingar, så møt opp i god tid: Køyreplan for tevlingane på LK
OBS! Det har stått feil i øvingsrom-tidene for Lagspel jr og sr. Alle har øvingsrom ein halvtime tidlegare enn det som stod i den opprinnelege planen. Planen som ligg ute no er riktig.
Deltakarane går sjølv frå skulen til arenaen, så pass på at de ikkje pratar dykk bort på turen! Deltakarane har sjølv hovudansvar for å vere til stades til rett tid når dei skal konkurrera, men me arrangørar skal hjelpe dykk om det er noko de lurar på.
Her finn de kart over dei ulike arenaene: Kart over arenaene LK 2025
Lag som skal delta i lagspel og lagdans må hugse å gå til fotograferinga hjå Reed Foto etter de har vore på scena.
Vi ber om at deltakarar som møter direkte ved scena og ikkje ynskjer å nytte seg av øvingsrommet, gir beskjed ved registreringa så tidleg som råd.
Dei som av ulike grunnar må melde seg av tevlinga, ber vi at gir beskjed så snart som råd til Ingeborg Sommer i FolkOrg: ingeborg@folkorg.no
Me gleder oss til de er med på å fylla Eidfjord med spel, dans og song!