Instrumentutstillinga på Landskappleiken vert arrangert kvart andre år, og vi gler oss til å invitere til instrumentutstillinga på Gol under Landskappleiken 2024. Utstillinga blir på Gol skule, to minutt gange frå hovudarenaen. 

Påmelding
Meld deg på her: Tevling Innlogging (folkorg.no)
Påmeldingsavgift og påmeldingsfrist er den same som for dei andre deltakarane på landskappleiken. Les meir om vilkår for deltaking her: Påmelding til Landskappleiken 2024

Opent for alle instrument
Tradisjonelt har det vore flest feler og hardingfeler som har vore med på utstillinga, men utstillinga er også open for andre instrument, som til dømes langeleikar, gitarar og andre strengeinstrument, eldre folkemusikkinstrument osv. Det er likevel berre feler og hardingfeler som dømmast. Langeleik kan dømmast om det er ønske om det (må varslast i god tid). Alle instrument må meldast på via påmeldingssystemet, uavhengig av om dei skal dømmast eller ikkje.

Utstillar og instrument
Instrumentutstillinga på Landskappleiken vert arrangert kvart andre år. Instrumenta som stillast ut kan difor ikkje vere eldre enn to år og kan ikkje ha vorte stilt ut på tidlegare Landskappleikar.

Instrumenta som skal dømmast må levarast seinast kl. 12 onsdag 26. juni – tid/stad for levering avtalast med kontaktperson for instrumentutstillinga. Instrumenta vert vurdert av dommarar onsdag og torsdag, og utstillinga er open for publikum fredag og laurdag kl. 12-18.

Instrumenta vert dømd utifrå arbeid og tone, og har såleis to dommarar som skal vurdere kvart instrument i desse kategoriane. Det vert gjeve poeng i kvar kategori og den samla summen avgjer premiegraden.  

Resultata frå utstillinga blir kunngjort på den ordinære premieutdelinga fredag kveld.

Deltakarar oppmodast om å sende inn supplerande informasjon om instrumentet utover namn på makar og årstal. Dette kan til dømes vere materialval, dekor, inspirasjonskjelder, særeigne detaljar og/eller kor mange instrument instrumentmakaren har laga. Denne informasjonen vil leggast ved instrumentet på utstillinga.

Publikum er velkomne på utstillinga fredag og laurdag kl 12 - 18. 

Vakthald og tryggleik
Instrumentutstillinga vil ha vakthald heile tida og det er ikkje lov å prøve eller røre instrumenta utan samtykke frå instrumentmakar. Instrumenta låsast inn om nettene.

Instrumenta hentas etter utstillinga kl. 18 laurdag 29. juni eller etter avtale med kontaktperson for instrumentutstillinga.

Kontaktperson for instrumentutstillinga:
Knut Terje Venås
Telefon: 916 73 910
E-post: venaas@online.no

 

Instrumentutstilling - Landskappleiken 2016 
Foto: Runhild Heggem