Vi set opp to konsertar, ein konsert som startar kl 18.00 og ein konsert som starar kl 21.00

Her kan du kjøpe billett til konserten kl 18.00

Her kan du kjøpe billett til konserten kl 21.00

I stemningsfulle Gol nye stavkyrkje møtast tre lokale musikarar og ein importert musikar frå Garnås. Bli med desse fire på eit intimt, svingande og vakkert dykk i dei levande song, hardingfele, langeleik og durspel-tradisjonane som finst i Gol i dag. 

Historias sus kan kjennast innom veggane sjølv om kyrkja er ein kopi som vart vigsla i 1994. Ho må opplevast! Den opphavlege kyrkja stod oppå Golreppen med utsikt over dalen, og vart flytt til Bygdøy i 1884.

Den mjuke klangen mellom søylene i kyrkjerommet garanterer ei fantastisk oppleving med fire av dei mest framifrå musikarane Gol (og Garnås) har å by på, på kvart sitt instrument. Heilt perfekt for sjela ein varm (eller regnfull) sumarkveld!

Velkomen torsdag 27. juni kl.18.00 eller kl. 21.00 i Gol Stavkyrkje

Øyvind Brabant Foto: Eivind Kaasin, FolkOrg

 

Øyvind Brabant frå Nesbyen

er ein av dalens aller beste hardingfelespelarar gjennom tidene. Mangt kan nemnast om han, men eit utval er at han har lært av m.a. Odd Bakkerud, Knut Myrann og Jens A. Myro, vunne landskappleiken, og utretteleg vidareført speltradisjonen sin i Gol Kulturskule gjennom ti-år.

Andrea Søgnen

 

Andrea Søgnen frå Gol 

sitt langeleikspel bergtek sjølv den beste. Med langeleiken og danseferdigheiter er Andrea ein ettertrakta utøvar både som instruktør og på scena. Andrea har blitt ein viktig berar av langeleikspelet Hallingdal, og har hatt lære hjå m.a. Gunnlaug Lien Myhr og Anders Røine.

Sjur Borge


Sjur Borge frå Gol

bles i belgen som få andre. Denne tømraren er heilt særeigen med knappane, og let alltid dei mest drivande, rolege, kulaste, fengjande, varsame – ja superlativane står det aldri på med Sjur – låttane som, Gol og Hallingdal har å bjuda på. Det er Ingunn Stræte som har vore Sjur sin hovud-læremeister.

Lars Fivelstad Smaaberg - foto Thomas Westling, FolkOrg

 

Lars Smaaberg frå Gol

freistar med si særmerkte stemme å formidle delar av den lange vokaltradisjonen i heimbygda. Lars er i dag ein namngjeten instruktør også i dans og hardingfele, og tek ofte tradisjonane frå Gol med seg på scena. Han har lært av m.a. Brabanten, Inger Marie Lien Rust og Gunnlaug Lien Myhr.