Eidfjord ligg unikt til ved foten av Hardangervidda, det er berre 30 minutt frå fjorden til du er i 1250 meters høgde. Dei næraste attraksjonane er Kjeåsen og Vøringsfossen. Vøringsfossen – Noregs mest kjende foss – har fått eit heilt nytt og spektakulært anlegg med utsiktsplattformer og trappebru. Her kan du sjå store vassmengder styrte ned i Måbødalen.
Ca 8 km frå Eidfjord sentrum startar vegen opp til Kjeåsen, eit gardstun på 600 meters høgd som ein både kan gå og køyra til for å nyta den spektakulære utsikta. Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsplatå og har utallige moglegeheiter for fotturar og naturopplevingar. Her er det store, flate vidder, fiskemoglegheiter i massevis, rikt dyre- og planteliv, det er berre å velja sin innfallsport!
På Norsk Natursenter – Hardanger i Øvre Eidfjord kan ein koma tett på og læra meir om den unike naturen. Natursenteret er eit opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø, og har 3 etasjar med utstillingar og viser ein panoramafilm frå mellom anna Hardangervidda av Ivo Caprino.
Eit lite steinkast unna finn du Mikkelparken, familieparken i Kinsarvik er perfekt for born mellom 1-10 år. Her kan born og vaksne boltra seg blant mange spennande aktivitetar, møta Mikkel og Mikkeline og bada og leika i dei mange badebassenga.
I Eidfjord kan ein oppleva fjorden både på det fartsfylte viset med RIB-safari, men også på den rolegare måten ved å leiga ein kajakk og gli stille forbi naturopplevingane.
I tillegg til storslått natur, er Hardanger kanskje fyrst og fremst kjend for frukt og sider, men regionen har også sterke tradisjonar knytt til lam, storfe og fisk. Hardanger er ein region med rike tradisjonar når det kjem til mat og drikke. I Eidfjord treng ein ikkje reisa langt for å ta del i dei store matopplevingane
For fleire Hardanger-tips, sjekk ut lenka: https://hardangerfjord.com/eidfjord/
Kappleik i Hardanger – feriemoglegheitane er mange!
Eidfjord og Hardanger kan by på mange flotte opplevingar i tillegg til sjølve Lanskappleiken. Hardanger har kontrastfylt natur, med høge fjell og djupe fjordar. Hardanger kan også by på eit stort utval av barnevenlege aktivitetar.