Dei siste detaljane for årets kappleikscamping i Eidfjord er snart på plass, og me gler oss STORT til å ynskja både små og store velkomne.
På biletet under kan de sjå kvar dei tre campingane ligg plassert. Som de ser vil campingplassane liggja svært nærme alle arenaar, mattelt og stemnekontor – som alle ligg tett i tett på det fine kappleiksområdet vårt. Bubilcampen er nærmaste nabo til Idrettshallen! Det skal i år tevlast på tre arenaar, og også desse ligg i umiddelbar nærleik til kvarandre.
Det er berre å byrja å gle seg – me sjåast snart!
PS: Det går ikkje an å reservera plassar på campingen før me opnar for elektronisk bestilling, så det hjelper dessverre ikkje å senda e-post eller ringa om det endå. Men berre smør dykk med litt tolmod og gjer dykk klare for kappleikscamping, me opnar bookinga om ikkje lenge!
Du kan og studere kartet over Eidfjord her
