Framsyning og dans for heile familien
Me har gleda av å presentera ei førestilling med konsert og dans for heile familien, der de kan la dykk inspirere av talentfulle ungdommar!
Førestillinga er sett saman av Fordjupingsprosjekt i folkemusikk og folkedans, eit prosjekt med 14 ungdommar i alderen 13-19 år frå heile Vestland fylke. Målet med prosjektet er å gje eit tilbod til elevar som har særleg interesse og føresetnader for å utvikla seg innan folkemusikk og folkedans.
Prosjektet er initiert av Bergen ungdomslag Ervingen og Bergen kulturskule, og legg opp til samarbeid og erfaringsdeling med folkemusikk og -dansemiljøa i kulturskular og lokallag i Vestland fylke. Med på laget har dei pedagogar som er knytt til dei ulike kulturskulane og fagmiljøet kring hardingfele, toradar og folkedans.
Kom på konsert og dans for heile familien!
Fyrst viser ungdommane nokre innslag, og etterpå inviterer dei små og store ut på dansegolvet og leier felles dans!
Gratis inngang for alle
Det vert og familiedans desse dagane:
Torsdag i matteltet kl 13.30 - 14.30
Laurdag i matteltet kl. 15.30 - 16.30