Åpningskonsert LK 2024

Åpningskonsert

Onsdag 26. juni kl 19.00
Idrettshallen

Me sparkar i gong kappleiken med ein åpningskonsert som vil syne fram dei rike tradisjonane med utøvarane me har frå heile hallingdal. Du vil få høyre felelæte, langeleik, song, sjå springardans og laus og kanskje fær me til og med besøk frå Nysetlie, om dei ikkje ha lagt opp danseskodne på hylla. Martin Myhr og ordførar Heidi Granlien er konferansierar for kvelden, og me kan love at det blir ein fin start på kappleiken vår.

Kjøp billett til åpningskonserten her


Intimkonsert i Gol stavkyrkje illustrasjonsbilde

Intimkonsert i Gol Stavkyrkje

Torsdag 27. juni kl 18.00 og kl 21.00
Gol Stavkyrkje

I stemningsfulle Gol nye stavkyrkje møtast tre lokale musikarar og ein importert musikar frå Garnås. Bli med desse fire på eit intimt, svingande og vakkert dykk i dei levande song, hardingfele, langeleik og durspel-tradisjonane som finst i Gol i dag. 

Kjøp billett til konserten kl 18.00 her

Kjøp billett til konserten kl 21.00 her


Gangar - konsert Landskappleiken 24

GANGAR

Torsdag 27. juni kl 23.30
Samfunnshuset, Gol

GANGAR er og kjent for å ha eit heseblesande show, som både involverar hattespark og kruking, noko som kjem til å gjere denne konserten til ein av dei store begivenheitane ein bør få med seg under årets Landskappleik. Med utgangspunktet i norsk folkemusikk, blir alt frå reilendarar til springarar uttrykt på energisk og kul måte, akkompagnert av tunge riff og tekniske soloar på både el-gitar, bass, saksofon, trommer og sjølvsagt hardingfele. 

Kjøp billett til konserten her


Barneforstilling om reve enka

Røve-enka i Hallingdal!

Fredag 28. juni kl 18.00
Gol skule, Amfiet

Ei natt åt røven opp alle hønun til bonden, blei sjuk og dauda. Alt det røvemor sørja, så hjalp det ikkje. Han var daud og blei daud. 
Men så begynte det å koma friarar til enka… Om du vil høyre korleis det gjekk, må du komme og sjå forestillinga! 
 

Kjøp billett til forestillinga her


Rotneheims Knut ei forestilling på Landskappleiken

Urpremiere av framsyninga «Rotneims-Knut»

Fredag 28. juni kl 20.00
Idrettshallen, Gol

Landskappleiken er glad for å kunne ynskje velkomen til ein urpremiere av framsyninga «Rotneims-Knut» basert på historier henta frå gamle bygdebøker i Gol. Gå ikkje glipp av denne eineståande forestillinga! 

Sikre deg billett til forestillinga her


Bukkene Bruse konsert LK 2024

Konsert med Bukkene Bruse!

Laurdag 29. juni kl 23.30
Samfunnshuset

Landskappleiken på Gol 2024 ynskjer velkomen til gruppa Bukkene Bruse under årets Landskappleik. Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal kom saman for fyrste gong i 1989 og har gjort seg særleg bemerka som folkemusikkgruppe sidan då. På denne konserten vil de også få høyre det lokale damekoret Kråkesølv, i samspel med Bukkene Bruse.

Kjøp billett til konserten her


Folkemusikkmesse Landskappleiken

Folkemusikkmesse i Gol kyrkje

Sundag 30. juni kl 10.00
Gol kyrkje

Velkommen til folkemusikkmesse sundagen på Landskappleiken! 

Alle er velkommen, det er ikkje noko inngangsbillett her.