Tid og stad: 
Sundag 30. juni
Idrettshallen

Dørene opnar kl 11.00
Konsertstart:  12.00

NB! Det er utseld for enkeltbillettar til Meisterkonserten sundag
Det er ikkje lenger mogleg å kjøpe billettar til Meisterkonserten på førehand. Det vert kanskje nokre få ledige plassar, men dette veit vi ikkje før dei som har kjøpt billett og dei med deltakarbillett/gjennomgangsbillett har kome seg inn i salen sundag. Det betyr at du kan møte opp for å sjå om det er att ledige billettar, men dette lovar vi ikkje. Dei som ikkje har kjøpt billett eller har gjennomgangsbillett til no eller deltakarbillett kjem difor eventuelt sist inn i salen.

Program for Meisterkonserten 2024

  1. Lagspel senior 
  2. Dans hardingfele C 
  3. Open klasse 
  4. Dans fele B 
  5. Vinnarfela/felene på instrumentutstillinga 
  6. Durspel senior 
  7. Lagdans junior 
  8. Utdeling av Gnistprisen 
  9. Halling A 
  10. Munnharpe junior 
  11. Hardingfele C 
  12. Langeleik senior 
  13. Fele A 
  14. Utnemning av nytt heidersmedlem i FolkOrg 
  15. Dans hardingfele A 
  16. Takk til arrangøren 
  17. Dans fele A 
  18. Hardingfele A 
  19. Velkommen til Eidfjord og Landskappleiken 2025
  20. Lagdans senior 
  21. Vokal A og utdeling av Kongepokal