Billettar til Meisterkonserten
Alle som har gjennomgangsbillett og deltakarbillett har tilgang til meisterkonserten utan å betale for ekstra billett. Men merk at det kan verta fullt så om du vil vere sikra ein plass så må du møte opp i god tid.
Billettar til meisterkonserten vert seld i døra frå kl. 11.00
Vaksen: kr 400,-
Born under 16 år: Gratis
Konsertstart frå kl. 12.00
Vi slepp og inn dei som har gjennomgangsband/deltakarband parallelt i fleire dører.
Det er avgrensa plass i hallen til meisterkonsert, ver difor ute i god tid om du vil sikra deg ein plass på konserten.
Meisterkonsert
Program for meisterkonserten 2025
1. Lagspel, senior
2. Durspel, junior
3. Lagdans, junior
4. Utdeling av Gnist-prisen
5. Fele, klasse B
6. Dans hardingfele, klasse B
7. Open klasse
8. Gruppespel, junior
9. Takk til arrangøren
10. Halling, klasse D
11. Halling, klasse A
12. Eldre folkemusikkinstrument, senior (finale)
13. Utnemning av nytt Heidersmedlem i FolkOrg
14. Lagspel, junior
15. Vokal, klasse C
16. Vokal, klasse A
17. Dans fele, klasse A
18. Hardingfele, klasse A
19. Fele, klasse A (finale)
20. Velkommen til Hovden 2026
21. Lagdans, senior
22. Dans hardingfele, klasse A og utdeling av Kongepokal
Takk for i år og vel møtt på Landskappleiken 2026!