Medan du er på veg til Landskappleiken i Lom vil vi oppmode om å få med deg nokre gamle gullkorn av kappleiksopptak teke opp for 25, 50 og 75 år tilbake i tid. Det er Folkemusikktimen i NRK som har laga ei flott sending i høve Landskappleiken. Lytt i bilen, på bussen, toget eller flyet medan du gjer deg klar for kappleiksdagar i Lom.

Om folkemusikktimen si sending
Kappleik har lange tradisjoner i Norge. Den første hardingfelekappleiken vart arrangert i Bø i Telemark i 1888 og den første Landskappleiken i Bergen i 1896. I dag er Landskappleiken av dei største folkemusikkarrangementa våre. NRK har vore med på reisa sidan slutten av 1940-talet, og i denne utgåva av folkemusikktimen skal vi hyøre kappleiksopptak tatt opp for 25, 50 og 75 år siden.
 

Høyr episoda frå Folkemusikktimen her (lenke)

 

NRK lagar stor dokumentar om dagens folkemusikkmiljø
Under kappleiken i Lom kjem du også til å sjå ein del kamerateam frå NRK som skal dokumentere enkeltpersonar, stemning og det rike folkemusikk- og folkedansmiljøet vårt. Glimt frå kappleiken, og frå mykje anna folkemusikkarrangement, kan du sjå på NRK TV til hausten/vinteren. Då lanserast ein stor dokumentar om dagens folkemusikkmiljø.