Det vert delt ut to nye vandrepremiar under Landskappleiken 2026 på Hovden. Dette er to flotte måleri som er sponsa av Hovden Kunsthandel og utforma av kunstnaren Mona Ida Håvorstad Frøysnes frå Bygland.

Mona Ida er biletkunstnar, tekstforfattar og musikar, og har gjennom mange år markert seg som ein allsidig og skapande kunstnar med sterk tilknyting til Setesdal. Ho vaks opp i Åseral og har seinare bygd opp sitt eige kunstnarlege virke gjennom studiar, kurs og mange års erfaring innan ulike uttrykksformer.

Som kunstnar omtalar ho seg sjølv som autodidakt, men har gjennom åra henta inspirasjon og kunnskap frå fleire etablerte kunstnarar og fagmiljø. Ho arbeider innan fleire teknikkar, mellom anna måleri, grafikk, litografi og tresnitt, og har utvikla eit uttrykk med røter i natur, kultur og menneskelege møte. Mona Ida var i årekke tilknytta Kristiansand studieteater og Myhren gård.

Det er difor ei stor glede at nettopp Mona Ida Håvorstad Frøysnes står bak dei nye vandrepremiane til Landskappleiken, premiar som både skal heidre framifrå prestasjonar og samstundes bere med seg eit kunstnarleg uttrykk med lokal forankring.

Setesdal Spelemannslag/Landskappleiken rettar ei varm takk til Hovden Kunsthandel for gåva og støtta til arrangementet.

Her kan du lese meir om kunstnaren www.monaida.no

Her kan du lese meir om Hovden Kunsthandel

Måleriet Klabbete ski

“Klabbete ski” 

Etter mykje om og men

“Etter mykje om og men”