For første gong inviterar vi til SUPERKAPPLEIK saman med vår nye ven Tusti! 
Tusti har tatt på seg superkappa si, for til tross for sjenanse er det klart for deltaking på Superkappleik! Er du og litt sjenert så kan du kanskje ta på deg di usynlege superkappe og bli med du og! 

Stad: Hovdestølen hotell
Tid: torsdag, fredag og laurdag kl. 12.00 - 14.00!  
Premie: Kvar deltakar får ein billett til Hovden fjellbad og ein overraskelse frå Tusti! 
Gratis inngang for alle - alle er velkommen som publikum

Her kan du sjå deltakarliste for Superkappleiken torsdag

Her kan du sjå deltakarliste for Superkappleiken fredag

Her kan du sjå deltakarliste for Superkappleiken laurdag

Påmeldingsfristen var 15. juni

Superkappleiken er ei scene for born opp til 12 år. Dette er ikkje ei vanleg tevling med poeng og rangering, men ei mønstring for alle born som ynskjer å delta. Her er det ope for alle folkemusikalske uttrykk, anten det er å danse, syngje eller spela eit instrument. Det er gratis å delta, og ein kan stilla både åleine eller saman med andre. Nytt i år er at alle som deltek får billett til badeland som kan nyttast anten undervegs i kappleiken, eller i løpet av året, og at vår nye ven Tusti har med seg ei overrasking til borna. 

Ta kontakt om du har spørsmål!
Knut Breivegen
knut.breivegen@istorm.no