Endringane er vedtatt av styret i FolkOrg i desember 2024
Å vere dommar i ei musikktevling vil alltid innebære å bruke fagleg skjønn. For å få til dette så treng vi så godt reglement som mogleg. Det skal vere rettferdig, balansert og tydeleg. FolkOrg har eit stort ansvar for å ha godt og oppdatert reglement som mogleg slik at alle som deltek, og alle som dømer, har dei beste føresetnadane for å gjere sitt beste. Reglementet skal ha minst mogleg tvetydigheit, men på same tid ha rom for at folk føler seg velkomne til å delta.
FolkOrg arrangerer dommarseminar annakvart år. Neste dommarseminar blir vinteren 2026. Frå og med 2024 har FolkOrg også hatt ei forskrift - “Utfyllande notat om forståing og praktisering av tevlingsreglementet” - som skal vere litt meir utdjupande og forklarande der vi ser at tevlingsreglementet treng å ha litt rom for tolking.
Fylgjande endringar i tevlingsreglementet er gjeldande frå og med 2025:
Endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk
- I lagdans junior kan ein no stille med minimum tre dansepar eller tre hallingdansarar. I lagdans senior gjeld same regel som tidlegare, med minimum fem dansepar eller fem hallingdansarar (kapitel 13 og 20 Tevling i dans).
Kommentar: Målet med denne endringa er å senke terskelen for deltaking blant juniorar. Lokalkappleikar som Vestlandskappleiken har allereie hatt gode erfaringar med dette.
Endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken
- I pardans kan ein som er 18 år eller yngre stille i B-klassa dersom dansepartnar er over 18 år (kapitel 10. Klasseinndeling på Landskappleiken).
Kommentar: Denne regelen blir allereie praktisert og vi ser difor behovet for å presisere det i tevlingsreglementet. FolkOrg ønsker at C-klassingar dansar i C-klassa så lenge dei kan, men tillet deltaking i B-klassa dersom det må til for å kunne delta.
Her finn du den nyaste versjonen av Tevlingsreglementet.
Ny standard for deltakaravgifter
Deltakaravgiftene på Landskappleiken og Landsfestivalen går i sin heilheit til lokal arrangør og er ei viktig inntek for arrangørane. Fram til no har påmeldingsavgiftene vore gradert ulikt, noko som har ført til at det har vorte stor skilnad mellom arrangementa. Landskappleiken har i fleire år hatt vesentleg større inntekt per deltakar enn Landsfestivalen.
FolkOrg ynskjer å sikre at Landskappleiken og Landsfestivalen har eit føreseieleg og rettferdig prisnivå. Difor har styret i FolkOrg vedteke å samkøyre deltakaravgiftene for arrangementa. Frå 2025 vil det framleis vere gradert påmeldingsavgift for båe arrangement. Skilnaden mellom arrangementa er at det blir gratis påmelding på Landsfestivalen frå og med fjerde påmelding (tidlegare frå og med tredje påmelding). Grunnegjevinga er at Landsfestivalen står i ei særstilling med gruppespel- og lagspelkonkurransane, kor deltakarar som spelar komp-instrument er i mindretal og ofte bidreg inn i mange lag og grupper. På den måten bidreg dei til eit godt deltakartal i desse klassane. Styret i FolkOrg vil difor halde fast ved ordninga om gratis deltaking, men frå og med fjerde påmelding. Meir informasjon om påmelding og påmeldingsavgifter blir publisert på nettsidene til arrangementa nærmare påmeldingsstart.
Påmeldinga til Landskappleiken 2025 opnar 1. april.
Du finn meir informasjon her: Påmelding til Landskappleiken 2025