Vi ser fram til å fylla fire dansegolv med god og variert dansemusikk frå heile landet!
 

Vi ønskjer oss eit godt tilbod om dansespel og oppfordrar difor alle som har lyst til å spele eller tralle til dans om å melde seg på til denne e-postadressa dansespelhovden@gmail.com - skriv gjerne kva tradisjon du skal spele/tralle innan, kven som skal delta og når det passar best å delta med dansespel på årets kappleik!

Du/de er velkomen til å spela/tralle solo, i ei mindre gruppe eller med eit større lag. 

Dansespelet er vanleg dugnadsspeling, og vi vil gjere så godt vi kan for å tilpasse oss kva tider du/de ønskjer, men hugs at det er ein kabal for å få det til å gå opp tidsmessig. 
 
Dansespelansvarlege: 
Olaf Moen / Rebecca Egeland
dansespelhovden@gmail.com