Les grundig gjennom informasjon om kappleikscampingen før du bestiller deg plass.
Nederst på sida her finn felt for bestilling av plassar.
Oversiktskart over kappleikscamping-områda

PRISAR:
Prisar for ein plass som er for ei vogn, ein bubil eller eit telt
-Bubil og campingvogn kr 2400,-
-Telt kr 1300,-
Prisen gjeld for perioda 23. juni kl 18.00 til 28. juni kl 16.00
NB! Teltplassar er kun egna til telt og Campingvogn/Bubilplassar er ikkje egna til telt.
Vilkår og retningslinjer
Her kan du lese retningslinjene og kva vilkår som gjeld for bestillingar
NB! Bestillingskartet er forenkla!
I bestillingssystemet er det eit forenkla kart som syner korleis plassane er plassert i forhald til kvarandre. Dette kartet er misvisande mht avstandar mellom camping-områda og areaen. Nedanfor dette biletet her ser du avstandane til dei ulike campingfelta.

Camping A:
Plassar for campingvogner/bubilar
kr 2400,- per plass
Grusunderlag
Dette er tett på kappleiksarenaen
Camping B:
Plassar for campingvogner/bubilar
kr 2400,- per plass
Grusunderlag
Hovden Langrennsarena / Røyrvikåsen
Avstand til arenaen: ca 2 km
Camping C:
Plassar for campingvogner/bubilar
kr 2400,- per plass
Gras- mose- grusunderlag
Hovden Langrennsarena / Røyrvikåsen
Avstand til arenaen: ca 2 km
Camping D:
Teltplassar - NB! markert som trekantar i kartet og kun egna til telt.
kr 1300,- per plass
Hovden Langrennsarena / Røyrvikåsen
Avstand til arenaen: ca 2 km
Kappleiksbuss
Det blir kappleiksbuss som fraktar folk mellom campingplassane og arenaen under heile kappleiken.
Straum
Det blir moglegheit for straum på alle bubil, campingvogn og teltplassar.
Ta med lang skøyteledning.
BESTILLING AV PLASSAR
Val av plass
Etter at du har fylt inn kontaktinformasjonen får du opp setekartet (illustrert under), kor du kan velje plassen du vil ha. Hald musepeikaren over det feltet du ynskjer å bestille deg plass på, og vel deretter plassen du ynskjer.
Ved kjøp av fleire plassar samtidig
Dersom du kjøper f.eks. to plassar, klikker du på dei plassane du ønskjer å kjøpe slik at alle er markerte.
Når du kjøper deg plass på campingen så klikkar du på den plassen/dei plassane du vil ha, den/dei vert orange. Er plassen du vil ha grå/kvit så er plassen allereie seldt.

Når du har valgt den eller dei plassane du vil ha så trykker du på FORTSETT nedanfor kartet.
Plassane du har valgt vert haldne av til deg til du har gjennomført bestillinga. Men merk at om du brukar veldig lang tid så vert plassane frigjorte til andre så pass på å fullfør heile bestillinga medan du er i gang.
Vi treng namn på alle bestilte plassar
Vi treng namn og kontaktinformasjon til ein kontaktperson per plass. Om du bestiller fleire plassar, må du fylle inn informasjonen til kontaktpersonane på dei andre plassane, i tillegg til din eigen. Merk at alle kontaktpersonane skal vere over 18 år.
Samandrag av bestillinga og godkjenning av kjøpsvilkåra.
Før du går til betaling får du opp samandrag av bestillinga. Slik kan du sjå over at du har bestilt det du ynskjer før du betalar.
Betaling
Du velge mellom betaling med vipps eller kort.
Sjå ellers her for kjøpsvilkåra for kappleikscampingen
Gjennomfør alle trinna i bestillinga
Følg trinn for trinn for å bestille deg plass på campingen. Du kan klikke på den plassen du vil ha, men merk at kartet er kalla “setekart” og plassane er kalla “sete” då dette er bygd på kart berekna for konsertsalar. Det er felt og sete som viser til plassen, “rad 1” har ikkje nokon betydning her.

NB! Merk at du må godkjenne våre kjøpsvilkår for å kunne bestille deg plass på kappleikscampingen - du får spørsmål om å klikke av at du har godkjent desse mot slutten av bestillinga di.
Vil du heller bestille overnatting på klasserom?
Les om klasseromsovernatting på Landskappleiken her
HER BESTILLER DU DEG PLASS PÅ KAPPLEIKSCAMPINGEN
NB! Avstandskrav til campingvogn, bubil, telt er 4 meter.
1 billett = ein plass på campingen
For tekniske spørsmål kring bestilling av plassar:
Liv Annette Nygjerdet
Rådgjevar i FolkOrg
Tlf 93419382
livannette@folkorg.no
Vi treng fleire frivillige! - registrer deg her

