Me startar på Vonheim fredag 26.april kl 20:00. 
Då er det Arkivdansekonsert i regi av Hallingdal museum v/Ragnhild Kolsrud. 
Her har fem dansarar og spelemann fordjupa seg i filmmaterialet med springardansarar frå Gol på 1970-talet. Så har dei laga ei framsyning som inneheld både dans, musikk, film og forteljing. 
Dei fem er Vebjørn Jøtun Fauske, Andrea Søgnen, Lars Fivelstad Smaaberg, Silje Risdal Liahagen og Åsmund Fauske Jøtun.
 
Etter konserten vert det dans til lokale spelemenn. Inngangspeng.
 
Så møtast me på Pers Hotell i Bjørnehallen laurdag 27. april kl 18:00.
Det startar med informasjon til frivillige om Landskappleiken 2024. 
 
Kl 20:00 vert det runddanskonsert. Trekkspelar Jo Asgeir Lie og hardingfelespelemann Arne Anderdal har kome med ein CD-produksjon: 50-7-52 . Målet med denne produksjonen er å setja søkjelyset på runddansmusikken som vart brukt i Hallingdal. Dei har plukka ut eit knippe låtar, som syner dei fyrste spora av denne musikken i Hallingdal. Anderdal og Lie har så gått i lokale bygdearkiv for å finne kjeldematerialet, i tillegg til å ha intervjua fleire gamle kjelder. 
Lie/Anderdal spelar opp til dans etter konserten, samt lokale musikarar og spelemannslag. Då skal du få deg  ein vals, reinlender, masurka, polka eller springar. Undervegs er det moglegheiter for å kunne kjøpe seg både mat og drikke.
 
Arrangementet er gratis for alle som har meldt seg, eller melder seg som frivillige ved oppmøtetidspunkt den kvelden. Kjem du for konsert og dans kostar det 150,-
 
Me gler oss til å sjå dykk!
 
Helsing Landskappleiken Gol 2024 og Gol spel- og dansarlag