FolkOrg og Riksscenen har mange gode samarbeid i løpet av eit år. Mellom anna er Folkelarm på Riksscenen kvar november, og det er fleire samarbeidsprosjekt gjennom året.
Som i fjor har FolkOrg og Riksscenen gjort avtale om at vinnaren av kongepokalklassa på Landskappleiken – i år vil det si Vokal A – får ein konsert på Riksscenen. Vinnaren får tilbod om ein «fyryspel»-konsert vinteren 2025.
FolkOrg og Landskappleiken på Gol takkar Riksscenen for at dei gjev dette tilbudet til kongepokalvinnaren. Dette er noko som gjer at det blir enda gjævare å vinne kongepokalen.
Det er stor påmelding til klassa Vokal A under Landskappleiken på Gol 2024, og det ventast ei stemningsfull oppleving i hallen fredag kl 15, og i finala laurdag kl 20.