Innkøyring til kappleikscampingen
Kjem du frå Riksveg 7, køyrer du inn mellom Biltema og Elkjøp. Kjem du via Hemsedal eller Golsfjellet, kjem du deg til campingen ved å køyre gjennom sentrum. Det vert godt skilta til campingen, slik at den skal vere enkel å finne fram til. 

Oversikt over kappleikscamping


Val av plass på campingen
For å velje plassen eller plassane du ynskjer å bestille, må du fyrst fylle ut alle felta i skjemaet. Du får opp val av plassen/plassane til slutt. 

Ved kjøp av fleire enn ein plass om gongen
Dersom du kjøper f.eks. tre plassar, må du velje tre plassar attmed kvarandre på rekke. Du får ikkje velje f.eks. A3, A4 og A9. Dersom du ynskjer å bestille plassar attmed kvarandre i ein firkant (f.eks. A11, A12, A17 og A18), må du kjøpe plassar i to rundar. 

Vi treng namn på alle bestilte plassar
Vi treng namn og kontaktinformasjon til ein kontaktperson per plass. Om du bestiller fleire plassar, må du fylle inn informasjonen til kontaktpersonane på dei andre plassane, i tillegg til din eigen. Merk at alle kontaktpersonane skal vere over 18 år.

Betaling
Du kan betale med vipps eller kort. 
Sjå ellers her for kjøpsvilkåra for kappleikscampingen

Val av plass
Etter at du har fylt inn kontaktinformasjonen får du opp setekartet (illustrert under), kor du kan velje plassen du vil ha. Hald musepeikaren over det feltet du ynskjer å bestille deg plass på, A, B, C eller D og vel deretter plassen du ynskjer. 

Dette illustrasjonsbilete syner val av ein plass: 
Du kan flytte musepeikaren til den plassen du vil ha og vele den. 

Val av ein plass på kappleikscampingen

 

Dette illustrasjonsbilete syner val av tre plassar: 
Merk: Du må vele plassar ved sidan av kvarandre på rekke. Dersom du ynskjer å ha plassar f.eks i ein firkant, må du kjøpe plassar i fleire omgangar. 

val av tre plassar på campingen


Gjennomfør alle trinna i bestillinga
Følg trinn for trinn for å bestille deg plass på campingen. Du kan klikke på den plassen du vil ha, men merk at kartet er kalla “setekart” og plassane er kalla “sete” då dette er bygd på kart berekna for konsertsalar. Det er felt og sete som viser til plassen, “rad 1” har ikkje nokon betydning her.

Samandrag av bestillinga og godkjenning av kjøpsvilkåra.
Før du går til betaling får du opp samandrag av bestillinga. Slik kan du sjå over at du har bestilt det du ynskjer før du betalar. Du kan betale med kort eller vipps. Merk at du må godkjenne våre kjøpsvilkår for å kunne bestille deg plass på kappleikscampingen. 

Setekart og oppsummering kappleik

HER BESTILLER DU DEG PLASS PÅ KAPPLEIKSCAMPINGEN

1 billett = ein plass på campingen. 
Du kan velje mellom teltplass eller plass til campingvogn/bubil

NB! Avstandskrav til campingvogn/-bil er 4 meter. 
Dersom vogner eller kjøretøy er over 8 meter, bør de tinge plassar opp mot teltområdet eller ned mot elva.

1 billett = ein plass på campingen

Mandag 2024-05-06