VI SPARKAR I GANG ÅRETS KAPPLEIK MED KLASSA SUPER-D
Onsdag 25. juni, startar vi Landskappleiken 2025 med første tevling kl 16.00. Det er dei eldste som skal først i elden og det er 20 start nummer i denne klassa. Super-D er ei samle klasse med alle som vil delta i senior-klassane og det er deltakarar i dans, spel og vokal. Dette er ei spanande og gjev klasse som er verdt å få med seg.
Her kan du sjå kven som skal delta i klassa Super-D
STORSTILT OPNINGSKONSERT KL 19.30
Opningskonserten til Landskappleiken i Eidfjord har fått namnet «Her har me butt», inspirert av diktet «Her har eg butt» av Olav H. Hauge.
Opningskonserten er vår største konsert og Kulturminister Lubna Jaffery er med på opninga.
Konserten skal syna eit mangfald innan folkemusikk på tvers av alder, sjanger og uttrykk. Her er eit spekter av menneske i alle aldrar som deler den same kjærleiken og tilhøyrsla til musikk, song og dans.
Med oss har me utøvarar frå Hardanger og Voss; nokon har butt her heile livet, nokon har vakse opp her, andre har flytta hit, nokon er til og frå.
Ein kan blant anna venta seg gjensyn med grupper ein ikkje har høyrt på ei stund, som til dømes Trio Hardanger, born og unge i Hardanger Spelemannslag, ord frå Ruth Lillegraven, tonar frå blant anna Alexander Aga Røynstrand og Amalie Kinsarvik Tvilde, song frå Dei syngjande og dans frå Torkjell Børsheim. Konserten vert sydd saman med forteljing og bilete, og Lajla Renate Buer Storli er regissør for konserten.
Velkomen skal du vera til å oppleva lyden og rørsla frå eit landskap med fjell og fjord, om du bur her, har butt her eller berre er innom for ei stund.
Her kan du kjøpe deg billett til opningskonserten
Her kan du sjå heile programmet for Landskappleiken 2025
Her kan du sjå alle startlistene