Sjokoladekappleik
Sjokoladekappleiken er ei scene for born under 12 år. Dette er ikkje ei vanleg tevling med poengtevling og rangering, men ei mønstring for dei som ynskjer å delta. Her er det ope for alle folkemusikalske uttrykk, anten det er å dansa, syngja eller spela instrument. Det er gratis å delta, og ein kan stilla både åleine eller saman med andre. På Sjokoladekappleiken bognar det av sjokolade! Og dommarane er svært rause med sjokoladepremiane.
Det vert Sjokoladekappleik både torsdag, fredag og laurdag. Velkomne til den kjekkaste og viktigaste kappleiken i Eidfjord! - Gratis deltaking og inngang.
Les meir om sjokoladekappleiken her
Familiedans for alle
Torsdag, fredag og laurdag inviterer me små og store til Familiedans!
Torsdag og laurdag vert det i matteltet og på fredag vert det kultursalen på Vøringfoss hotell.
Kvar dag opnar me dansegolvet med eit forrykande dansespel for heile familien. Her kan borna få visa sine beste hattespark og dansemoves. Kven veit - kanskje dukkar det opp nokre overraskingar? Dette kan de ikkje gå glipp av!
Les meir om familiedansen her
Danse mi dokke, springe min hest
I denne førestillinga får me møta dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynte. Når Berit speler på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker å dansa. Korleis får ho det til? Er det ein slags magi i den gamle musikken som vekkjer dei til live? Og er det eigentleg noko kjekt å vera ei dansedokke, når du berre får dansa når ein annan bestemmer det?
Les meir om førestillinga Danse mi dokke, springe min hest her
Førestilling: Kraftas røter
Kva er kraft? Kor kjem den frå, og kven lagar han? Ein ting er sikkert, Oslo har vorte eit kraftsentrum for folkedans. Ungdommen i BLS Ung har leika med, utforska og oppdaga all krafta som finns i folkedansen og i det å danse saman. Velkommen til ein kraftsirkel av folkedans!
Prosjektet er støtta av Store dansespor-midlar frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Det er gratis inngang for alle!
Les meir om førestillinga her
Konsert og dans med BUL Ervingen
Me har gleda av å presentera ei førestilling med konsert og dans for heile familien, der de kan la dykk inspirere av talentfulle ungdommar!
Prosjektet er initiert av Bergen ungdomslag Ervingen og Bergen kulturskule, og legg opp til samarbeid og erfaringsdeling med folkemusikk og -dansemiljøa i kulturskular og lokallag i Vestland fylke. Med på laget har dei pedagogar som er knytt til dei ulike kulturskulane og fagmiljøet kring hardingfele, toradar og folkedans.
Kom på konsert og dans for heile familien! Fyrst viser ungdommane nokre innslag, og etterpå inviterer dei små og store ut på dansegolvet og leier felles dans!
Les meir om konsert og dans med BUL Ervingen her
Gokartevling - eit spektakulert show!
Laurdag sparkar me i gong Gokartevling i Eidfjord sentrum. Dette er ein konkurranse i eit såkalla godkarstykkje, altså den akrobatiske delen av hallingdansen. Her tevlar dei sprekaste og tøffaste lausdansarane om å hoppa høgast og lengst, og danse best. Vent deg høge spark og flygande hattar! Dette er gjevt og moro å sjå på for heile familien.
Programleiarane er sjølvaste Martin Myhr og Jon Ellingsen.
Hardanger Matkulturfestival kjem til Gokartevlinga og vil selja lappar og kaffi, så her vert det liv og røre i Eidfjord sentrum.