Velkommen til førestillinga Danse mi dokke, springe min hest

I denne førestillinga får me møta dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynte. Når Berit speler på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker å dansa. Korleis får ho det til? Er det ein slags magi i den gamle musikken som vekkjer dei til live? Og er det eigentleg noko kjekt å vera ei dansedokke, når du berre får dansa når ein annan bestemmer det?

 Medverkande er Ingrid Lingaas Fossum og Brigitte Halldis Blomlie.

Her kan du kjøpe billett til førestillinga. 
Alle under 16 år må også ta ut billett sjølv om det er gratis. Det er fint om de ikkje tek ut fleire billettar enn de faktisk kjem til å bruke.