VOKAL
Sigrid Randers Pehrson
Olaf Moen
Unni Løvlid

SPEL HARDINGFELE
Synnøve S. Bjørset
Per Åsmund Omholt
Herbjørn Liahagen

SPEL FELE
Synne Grothe
Arne Sølvberg
Jo Einar Sterten Jansen

GRUPPESPEL
Jo Einar Sterten Jansen
Synnøve Bjørset
Herbjørn Liahagen

LAGSPEL
Synne Grothe
Per Åsmund Omholt
Arne Sølvberg

DURSPEL
Anita Solheim Bråvoll
Olav Haugen
Håvard Ims

ELDRE FOLKEMUSIKKINSTRUMENT
Marit Steinsrud
Birgit Kollandsrud Friis
Arnt Magne Haugen

OPEN KLASSE
Arnt Magne Haugen
Unni Løvlid
Synnøve S. Bjørset

DANS HARDINGFELE
Tom Løvli
Ellen Persvold
Per Øyvind Tveiten

DANS FELE
Øyvind Sandum
Inga Myhr
Gro Marie Svidal

HALLING
Tom Løvli
Ellen Persvold
Knut Blikberg

LAGDANS
Øyvind Sandum
Per Øyvind Tveiten
Gro Marie Svidal

SUPER - D
Knut Blikberg
Olaf Moen
Jo Einar Sterten Jansen

INSTRUMENTUTSTILLING
Håkon Høgemo
Niels Røyne

FUREPRISDOMMAR
Anne Hytta
 

FolkOrg er ansvarleg for dommarane
Det er styret i FolkOrg som sett saman dommarpanela til Landskappleiken. Ein prøvar å få variasjon i mellom anna bakgrunn, geografi, kjønn og alder, slik at juryen speglar variasjonen blant deltakarane.

Det er nokre dommarpostar som er meir krevjande å få på plass enn andre, og slik var det også for årets kappleik. Det er til dømes ikkje alltid så lett å få det til å gå opp slik at det vert heilt jamt fordelt mellom kvinner og menn, på Landskappleiken på Rjukan er det fjorten menn og elleve kvinner som skal dømme.

Landskappleiken er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane på Landskappleiken må setje av tida frå onsdag til søndag, og det går med mange timar til dømming og møter gjennom kappleiken. Dommargjerninga er ikkje honorert, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei gru-gler seg til. Likevel får vi heldigvis mange tilbakemeldingar om at det er ei ære å bli spurt om å dømme på Landskappleiken! Tusen takk til alle som har teke på seg å være dommar i år! 

Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglementet, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landskappleiken, skal dette rettast direkte til styret eller administrasjonen i FolkOrg.