Folkemusikkmesse frå Hardanger

Folkemusikkmessa frå Hardanger er inspirert av folkemusikken i Hardanger, og vart fyrste gong framført i 2012. Komponist Rannveig Djønne fekk i oppdrag av Ullensvang kyrkje å laga ny melodiar til liturgien som er enkle å syngje og enkle å hugse, og messa har vore mykje brukt i ulike kyrkjer etter urframføringa. Silje Hveem Lofthus har arrangert musikken. Kring 60 utøvarar vert med å framføra Folkemusikkmessa frå Hardanger under Landskappleiken. Velkomne! Og NB! Den startar kl. 1000 slik at du når meisterkonserten!

Medverkande:
Prest: Leni Mæland
Organist: Sevinj Asgarova Øvrehus
Tekstlesar: Ingeborg Wijland
Diktlesar: Ruth Lillegraven
Kvedargruppa «Dei syngjande»
Forsongarar frå Toneskredo, Chorus 80 og Songria
Dirigent for forsongarane: Magnus Opedal
Seniorar og juniorar frå Kvemmingen spel – og dansarlag, Voss spelemannslag og Hardanger spelemannslag på hardingfele, toradar og dans.
Tverrfløyte og arrangør av liturgien m.m.: Silje Hveem Lofthus
Toradar og komponist av liturgien m.m.: Rannveig Djønne

Tid: 29. juni kl. 10:00 - 11:30
Stad: Eidfjord kyrkje

Gratis inngang