Folkemusikkmesse
I 2011 engasjerte Ullensvang kyrkje Rannveig Djønne til å skriva ny gudstenestemusikk i folkemusikkstil. I fyrste omgang var det dei fire liturgiledda ”Kyrie”, ”Gloria”, ”Sanctus” og ”Agnus Dei” som fekk nye melodiar, men etter kvart har det kome til nye komposisjonar. Messa har fått namnet «Folkemusikkmesse frå Hardanger». Fyrst og fremst skulle songane vera inspirert av folkemusikken i Hardanger, enkle å hugsa for kyrkjelyden og sangbare. Tilbakemeldingane har vore at folk hugsar desse melodiane når dei kjem heim og at dei er kjekke å syngje med på. Messa har vore mykje nytta etter urframføringa i 2012, både i Hardanger og andre stader. Salmane under messa er eit utval av gamle folketonar.
Under folkemusikkmessa i Eidfjord kjem ein til å få oppleva utøvarar på hardingfele, vokal, toradar, trekkspel, tverrfløyte, dans og song. Hardanger Spelemannslag kjem til å invitera koristar frå Toneskredo, Chorus 80 og Songria (Ulvik) til å delta som forsongarar, og forfattar Ruth Lillegraven frå Granvin skal lesa dikt som ein del av preika. Komponist av messa; Rannveig Djønne skal både organisera messa og vera med og spela, og ho har også med seg arrangør av musikken; Silje Hveem Lofthus på tverrfløyte.
Tid: 29. juni kl. 10:00 - 11:30
Stad: Eidfjord kyrkje