Fotografering av laga
Tradisjon tru kjem Per Svein Reed for å ta lagbilete også i år. Fotograferinga av laga som stiller i lagdans og lagspel skjer rett etter at dei er ferdige på scena. Så etter tevling går laga samla til foto-staden, som er lett å sjå ved inngangen, og vert fotografert. Alle laga som ønskjer det kan bestille fotografi.
Vi ber pent om at alle stikk innom for å bli fotografert!
Nytt i år
Alle som ønskjer å få tatt bilete av seg, om det er enkeltpersonar eller grupper, kan møte opp og bli fotografert av Reed. Dette vert i forkant av lagspelklassa og i etterkant av lagdansklassa.
Foto for alle vert altså
Torsdag frå 14.30 - 15.30 ca
Fredag frå 15.00 - 15.30 ca
Her er det berre å møte opp!
Telefon til Per Svein Reed: +47 994 47 300
Foto: Reed