Meld deg som friviljug!
Vi treng hjelp med alt frå servering til å rigge scene, frå å lage middag til å fylgje utøvarar på scena, frå å selge drikke til maten til å hjelpe folk på campingen, frå å selge billettar til å vera vakt både her og der.
Meld deg på for å vera med på ein sosial og morosam dugnad for Lom!
Dette får du som er friviljug på Landskappleiken i Lom:
T-skjorte
Invitasjon til dugnadsfest
1 vakt gjev valfri dagsbillett
1 matbillett per vakt
2 vakter eller meir gjev gjennomgangsbillett til Landskappleiken og meisterkonsert (unntaket er konsertar under arrangementet)
Dersom du kunne tenkje deg å vera friviljug så register deg i skjemaet som du finn under her og du får innhaldsrike dagar på kappleik i Lom!
Kontakt:
Friviljugansvarleg for Landskappleiken 2023
Kristin Volden Mundhjeld
kristin@landskappleiken.no