• Gjennomgangsbilletten gjeld for alle tevlingar og dans på fleire golv. 
  • Deltakarbillett gjeld som gjennomgangsbillett. 
  • Meisterkonserten er inkludert i gjennomgangsbilletten. 
  • Gjennomgangsbilletten gjeld ikkje for konsertar det er eigen billett til.
  • Det er rabatt for alle medlemmer i FolkOrg på gjennomgangsbillettane. 

NB! Det vert og mogleg å kjøpe dagsbillettar og billettar til konsertar. Informasjon om dette vert publisert innan kort tid. 

To ulike gjennomgangsbillettar

  • Gjennomgangsbillett onsdag/torsdag-sundag
  • Gjennomgangsbillett fredag-sundag

Grunnen til at det ikkje er eige billettar frå torsdag-sundag er fordi vi har gratis inngang for alle som kjøper gjennomgangsband frå onsdag men treng å ha billettband på alle frå dei kjem. Så det er ikkje dyrare frå torsdag, men heller billigare frå onsdag - kom onsdag og få med deg alt! 

Alle skal ha på billettband/deltakarband på Landskappleiken
Alle som er gjestar eller deltek på Landskappleiken får band som gjeld for om dei er anten over eller under 18 år. Vi kjem til å spørje etter aldersbevis for dei som er over 18 år som vi er i tvil på alderen på. Sjå forklaring på aldersbillettar nederst på sida her. 

ONSDAG/TORSDAG - SUNDAG
Under 12 år: Gratis
12 - 16 år: 250,-
12 - 16 år/medlem i FolkOrg: 150,-

16 - 18 år: 500,-
16 - 18 år/medlem i FolkOrg: 400,-

Vaksen: 1350,-
Vaksen/medlem i FolkOrg: 1050,-

FREDAG - SUNDAG
Under 12 år: Gratis
12 - 16 år: 150,-
12 - 16 år/medlem i FolkOrg: 100,-

16 - 18 år: 400,-
16 - 18 år/medlem i FolkOrg: 300,-

Vaksen: 1050,-
Vaksen/medlem i FolkOrg: 850,-

Forklaringar på aldersbillettar: 

Under 12 år = ikkje fylt 12 år
12 - 16 år frå og med fylte 12 år, men ikkje fylt 16 år 
16 - 18 år = frå og med fylte 16 år, men ikkje fylt 18 år 
Vaksen: Alle som har fylt 18 år

Det det er gratis for alle under 12 år, må ein hente ut gratisbillettar på stemnekontoret. Vi ber om at de ikkje hentar ut fleire gratisbillettar enn de faktisk treng då dette vil kunne gå utover kapasiteten til arrangementet. Vakter vil kunne sjekke alder i tvilstilfelle. 

Les meir om FolkOrg og meld deg inn her
Satsane for medlemsskap per år i FolkOrg er:
– Born kr. 100,-
– Ungdom (18 – t.o.m. 25 år) kr. 200,-
– Vaksne over 25 år kr. 400,-
Om du ønskjer å vere medlem i eit lokallag i tillegg vert det tillegg i prisen, ein kan melde seg inn i lokallag ved seinare tidspunkt om ein ønskjer det.
 

HER KAN DU KJØPE DEG GJENNOMGANGSBILLETTAR


Merk: Du må innom stemnekontoret og få fysisk gjennomgangsband når du kjem til kappleiken. Ein billett kan kun skannast ein gong. Er du i tvil om medlemsnr i FolkOrg kan du sende sms med kodeord “folkorg” til 1950 (gratis) då får du tilsendt dei medlemskapa som er registrert på ditt telefon nr. Er du ikkje medlem kan du melde deg inn i folkorg her og skrive “nytt medlem” i feltet for medlemsnr. 

NB! Kjøp gjennomgangsbillett som gjeld for den alderen du er, vi kjem til å spørje etter aldersbevis der vi er i tvil. 

Du får tilsendt billettar elektronisk på epost med det same du har betalt. Du kan betale med vipps eller kort. Du kan kjøpe fleire gjennomgangsbillettar samtidig men må fylle ut kontaktinformasjon på alle billettane.