Fotografering av laga og alle som deltek i gruppespel
Tradisjon tru kjem Per Svein Reed og Reed-forum for å fotografere også i år. Fotograferinga av alle som deltek i lagspel og lagdans skjer rett etter at dei er ferdige på scena. Så etter tevling går alle samla til foto-staden, sjå etter skilt, og vert fotografert. Alle som ønskjer det kan bestille fotografi.
Vi ber pent om at alle stikk innom for å bli fotografert! Vi kjem ikkje til å ha bilete av alle laga frå scena.
Treng du/de nye bilete?
Alle som ønskjer å få tatt bilete av seg, om det er enkeltpersonar eller grupper, kan møte opp og bli fotografert av Reed-forum. Dette vil vere i forkant og etterkant av lagspel og lagdans.
Telefon til Per Svein Reed: +47 994 47 300

