CAMPING FOR BUBIL OG CAMPINGVOGN ER UTSELD
Det er no fullt på campingen for bubilar og campingvogner.
Du kan sette deg på venteliste for plass til bubil/campingvogn. Det gjer du ved å "kjøpa" deg ein billett på ventelista, denne kostar kr. 0. Då står du i nummerert kø.
Landskappleiken prøver å skaffa fleire plassar til bubil/campingvogn. Dersom me lukkast med dette vil me tilby plass til dei som har kjøpt billett på ventelista.
Det er mange ledige teltplassar og det er framleis private hus til leige.
For Landskappleiken 2025 blir det etablert midlertidig festivalcamping for:
Telt
Campingvogn
Bubil
Du kjøper ein fast plass på campingen
Når du kjem til festivalcampingen vil du bli vist din bestilte plass, det er ikkje mogleg å byte plassar. For campingvogn og bubil vel du den plassen du vil ha, for telt vel du det området du vil ha. NB! Det er no utseldt for oppsette plassar for bubil/campingvogn - du kan sette deg på venteliste.
På campingen har vi
- Toalett - festivaltoalett på området
- Vatn - frå kraner
- Straum på alle områda utanom teltplass D. Alle må ta med eigen skøyteledning
Dusj
Dusjane i garderoben i idrettshallen vert tilgjengelege til visse tidspunkt morgon og kveld.
Aldersgrense for bestilling av plass
Det skal vera ein person over 18 år tilknytt kvar campingvognplass/bubilplass som har ansvaret for vogn/bubil/bil.
Opningstid og innsjekk
- Campingen opnar tysdag kl. 18.00 og stenger sundag kl. 16.00.
- Kjem du før? Ta kontakt på vår vakttelefon når det nærmar seg festivalstart. Nummeret til vakttelefonen finn ein etter kvart på landskappleiken.no.
- Det blir eige registreringsområde for festivalcampingen med god skilting.
Parkering
- Det kan parkere ein bil på bestilt plass.
- Bilar som ikkje er tilknytt ein plass har ikkje tilgang til campingplassen.
Tryggleik på festivalcampingen
- Festivalcampingen har vakt heile døgeret. Ikkje nøl med å melda frå til oss dersom du har sett eller opplevd noko som ikkje høyrer heima på campingen til Landskappleiken.
- Sjekk at brannslokkingsutstyr, gassvarslarar og røykvarslara er i orden før du kjem. Dette vil bli kontrollert ved innsjekk.
- Det er ikkje lov å grilla eller bruka open eld på festivalcampingen.
- Brannslokkingsutstyr er markert med vimpel og plasserast med omlag 50 meters avstand.
- Avstandskrav mellom bueiningar som campingvogner bubil og telt er 4 meter.
Avbestilling av plassar
- Frist for avbestilling er 14 dager før Landskappleiken tek til. Avbestilling etter dette krev legeerklæring for rett til tilbakebetaling.
- Ein kan kjøpe seg avbestillingsforsikring gjennom Tryg forsikring, dette får ein moglegheit til å velge i kjøpsprosessen.
Du må godkjenne våre vilkår for å bestille deg plass på kappleikscampingen
Her kan du lese meir om kjøpsvilkåra for Landskappleiken på Eidfjord 2025
Kontaktperson for festivalcampingen
Jenny Johnsen
Tlf. 900 68 187
jenny@landskappleiken.no
Klikk på lenka under for å kome til bestillingssida for campingen:
HER KAN DU LESE MEIR OM KAPPLEIKSCAMPINGEN OG BESTILLE DEG PLASS

