FolkOrg har vore så heldige å få dele ut Furepris og Furestipend heile elleve gonger i åra frå 2010 fram til 2022. 

Totalt har vi fått over ein million kroner av Furestiftinga som vi har delt ut til unge dyktige musikarar under 25 år. I år har stiftinga prioritert andre mottakarar av midlane. Vi er svært takksame for alle pengane vi har fått som har gjort det mogleg å ha denne ekstra gjeve premien i heile elleve år! 

Takk for tilliten! 

Furestiftinga fortset å støtte opp om norsk tradisjonsmusikk, og som eksempel har både Strunkeveko (Jørn Hilme-stemnet) og Kalottspel fått støtte! 

Furestiftinga som står bak desse prisane er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk. 

Ingen utdeling av Furepris og Furestipend i 2024
Det vert altså ikkje utdelt Furepris og Furestipend på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammalddansmusikk i år. 

Tidlegare vinnarar av Fureprisen:
2010: Ingebjørg Harman Bratland (vokal kl A) Vinje i Telemark.
2011: Bjørn Kåre Odde (fele kl A) Lom i Gudbrandsdalen.
2012: Jørgen Nyrønning (fele kl A) Ålen i Trøndelag.
2013: Erlend Apneseth (hardingfele A) Jølster i Sogn og Fjordane.
2014: Mari Midtli (vokal kl C) Sel i Gudbrandsdalen.
2015: Tor Hoslemo (hardingfele kl A) Bykle i Setesdal.
2016: Sivert A. Holmen (hardingfele kl A) Aurdal i Valdres.
2017: Hans P. Kjorstad (fele kl A) Harpefoss i Gudbrandsdalen.
2018: Bendik Smedåsgjelten Qvam (eldre folkemusikkinstrument senior) Tynset i Østerdalen.
2019: Helga Myhr (hardingfele kl A) Ål i Hallingdal.
2022: Sindre Tronrud (hardingfele kl B) Fagernes i Valdres. 

TAKK FOR STØTTE - FUREPRISEN