Knut Hamre: «Frå scenen» - liveopptak frå eit langt liv som spelemann
Knut Hamre frå Folkedal i Hardanger er kjent som ein glitrande formidlar av slåttespel på hardingfele og har gjennom mange år gjeve publikum musikalske opplevingar som mange vil hugsa resten av livet. At han har vunne landskappleiken klasse A heile sju gonger seier sitt om spelemannen som formidlar av slåttespel på hardingfele. Knut har bak seg mange studioinnspelingar både som solospelemann og i samspel med andre felespelarar og andre musikarar frå fleire ulike sjangrar. Det som no manglar i katalogen over plater Knut har gjeve ut eller vore med på, er solospel frå scenen: det ein gjerne kallar ei live-plate.
Det er vel kjent at mange spelemenn yter sitt aller beste når dei kan spela framfor eit publikum og Knut Hamre er ein slik spelemann. På denne plata har me samla dei beste kappleiksopptaka, mest av alt frå Landskappleikane, supplert med nokre konsertopptak. Desse opptaka representerer Knut på sitt aller ypparste over ein periode på over 20 år. Det eldste opptaket på plata er frå 1978 og dei nyaste er frå 2001.
Det er plateselskapet Ta:lik som gjev ut plata
Tid: Fredag 27. Juni kl. 18.00-18.30
Stad: Ungdomshuset
Dette er ein del av dansespelet og det er difor fri inngang for alle som har gjennomgangsbillett og dagsbillett.