Platesleppkonsert med Øivind Vabø: ARV

Øivind Vabø. f. 1968, gjev no ut sitt fyrste album med hardingfeleslåttar. Han er A-klassespelemann frå 1991 og har motteke SAGA-prisen i 1998. No har han invitert med gjesteartister på ei meget personleg plate som syner Øivind sine mange sider; slåttespelet, dansespelet og lyrikaren - på sin eigen måte. Fyrst og fremst har faren, Finn Vabø, vore Øivind si inspirasjonskjelde, men han er og inspirert av dei mange spelemannsmøta og kappleikane han har vore på. 

På konserten i Eidfjord får Øivind Vabø (hardingfele) med seg Sigbjørn Apeland (trøorgel) og Mads Eriksen (el-gitar). Det vert også nokon innslag med Spelemannslaget Fjellbekken. Publikum kan både dansa til og lytta på denne konserten. 

På albumet er Sigbjørn Apeland med på trøorgel/orgel, Mads Eriksen på elgitar/gitar, Unni Løvlid med song og Claus Sellevold med diktopplesing. Albumet vert gjeve ut på plateselskapet Melovitten og vert lansert på strøymetenester 13. juni. På platesleppkonserten i Eidfjord får du også moglegheit til å kjøpa den fysiske CDen. 

Det er plateselskapet Melovitten som gjev ut plata

Dette er ein del av dansespelet og det er difor fri inngang for alle som har gjennomgangsbillett og dagsbillett.