1015 enkeltpersonar skal tevle på Landskappleiken!
Onsdag 26. juni byrjar Landskappleiken på Gol, og rekordmange folkemusikarar og folkedansarar er påmeldt for å delta på årets store folkemusikalske høgdepunkt. Landskappleiken strekkjer seg over fem dagar og er fylt med tevlingar i 40 ulike greiner, konsertar, dans på fleire gulv, kurs og program for både store og små.  

Offisiell opning ved Kultur- og likestillingsministeren 
Kappleiken blir offisielt opna av Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery onsdag kveld. Med rekordpåmelding, er det venta storinnrykk på Gol av deltakarar og publikummarar frå heile landet. Totalt 1015 enkeltpersonar har meldt seg på kappleiken. Mange stiller i fleire klasser, og det er vorte meldt på heile 1830 enkeltdeltakingar fordelt på 564 startnummer. Dette er 41 startnummer fleire enn rekorden frå Landskappleiken i Vågå i 2019.  

No er startlistene klare! 
Startekkefølga er trekt, men vi har fløtt nokre deltakingar der vi har sett at det kolliderer. Der er viktig at alle som skal delta fleire gonger ser over om dei er sett opp med startnummer som kolliderer. Frist for attendemelding til FolkOrg er fredag 7. juni kl 13.00. 

Send e-post med forklaring på kva som må endrast til sina@folkorg.no – merk at det er kun naudsynte endringar vi kan gjere. 

Her kan du sjå startlistene for Landskappleiken 2024 (lenke)

Oppdatert tevlingsplan
Her ser du oppdatert tevlingsplan no etter at påmeldingsfristen er ute. Det er 41 fleire startnr enn førre rekordår, 2019. Difor har vi måtta justere tevlingsplanen og fløtt nokre klasser, dei største endringane er Super-D som er fløtt frå kveldstid til dagtid på torsdag og Spel fele A som er fløtt frå fredag til laurdag. Sjå vel over og noter deg eventuelle nye tider for deltaking. Oppdatert tevlingsplan per 3. juni kan du sjå her

Kongepokal i klassa for Vokal folkemusikk  
Vi er stolte og audmjuke over at H.M Kongen også i år gjev oss moglegheita å dele ut Kongepokal. I år vert Kongepokalen sett opp i klassa for Vokal Folkemusikk. Vinnarane av pokalen vert avgjort etter ein eigen finale laurdag kveld, og kven som til slutt blir vinnaren av Kongepokalen får vi vite under Meisterkonserten sundag formiddag.  

Stort kulturprogram 
Landskappleiken har også eit storstilt kulturprogram. Det blir opp til fleire konsetar kvar dag og dans på fleire golv frå tidleg kveld til langt på natt. Eigne barneforestillingar og sjokoladekappleik, legg godt til rette for barnefamiliar som ønskjer å ta turen. Årets storsatsing er forestillinga om Rotneims-knut, som har premiere fredag kveld. Kjøp gjerne billettar til konsertar i god tid, du får kjøpt billettar til ulike konsertar ved å klikke inn på artiklane. Her kan du sjå heile programmet (lenke)

Framleis behov for frivillige! 
Det er framleis behov for frivillige, med deg gjerne til ei vakt, vi er avhengige av frivillige for å lage Landskappleiken! De som er deltakarar og publikum frå år til år er jo ekspertar på kva som er ein god kappleik, så de er de aller beste frivillige! 
Her kan du lese meir og melde deg som frivillig! (lenke)