Sjokoladekappleiken er ei scene for born under 12 år. Dette er ikkje ei vanleg tevling med poeng og rangering, men ei mønstring for alle born som ynskjer å delta. Her er det ope for alle folkemusikalske uttrykk, anten det er å dansa, syngja eller spela instrument. Det er gratis å delta, og ein kan stilla både åleine eller saman med andre. På Sjokoladekappleiken bognar det av sjokolade, og dommarane er svært rause med sjokoladepremiane. 



Påmelding innan tysdag 24. juni, les meir om påmelding her: 
Informasjon om sjokoladekappleik i Eidfjord