Nytt i år er at det vert Sjokoladekappleik både torsdag, fredag og laurdag, alle dagar mellom kl. 12.00-13.00

Stad: Kultursalen i Eidfjord
Tid: torsdag, fredag og laurdag kl. 12.00 - 13.00!  
Premie: Kvar deltakar får ein diplom og ein sjokolade


Her ser du kven som er påmeldt til dei ulike dagane: 
Sjokoladekappleik torsdag

Sjokoladekappleik fredag

Sjokoladekappleik laurdag

Sjokoladekappleiken er ei scene for born under 12 år. Dette er ikkje ei vanleg tevling med poeng og rangering, men ei mønstring for alle born som ynskjer å delta. Her er det ope for alle folkemusikalske uttrykk, anten det er å dansa, syngja eller spela instrument. Det er gratis å delta, og ein kan stilla både åleine eller saman med andre. På Sjokoladekappleiken bognar det av sjokolade, og dommarane er svært rause med sjokoladepremiane. 

Avmelding
Om deltakaren ikkje kan stilla likevel, er det fint om du/de sender ei melding til Oda Kristin: 947 88 533

Registrering
Oppmøte og registrering skjer i Kultursalen mellom kl. 11:00 og 11:30 den dagen bornet er påmeldt. 

Påmelding innan tysdag 24. juni
Vi stengde for påmelding tysdag 24. juni kl 00.00.

Ta kontakt om du har spørsmål!
Oda Kristin Tjoflot
Epost: oda@landskappleiken.no
Tlf: 947 88 533