Strålande påmelding til årets Landskappleik!
Onsdag 25. juni byrjar Landskappleiken i Eidfjord, og eit gledeleg stort antal folkemusikarar og folkedansarar er påmeldt for å delta på årets store folkemusikalske høgdepunkt. Landskappleiken strekkjer seg over fem dagar og er fylt med tevlingar i 36 ulike greiner, konsertar, dans på fleire golv, kurs og program for både store og små.
Offisiell opning ved Kultur- og likestillingsministeren
Kappleiken blir offisielt opna av Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery onsdag kveld. Med svært god påmelding, er det venta storinnrykk i Eidfjord av deltakarar og publikummarar frå heile landet. Godt over 900 enkeltpersonar har meldt seg på kappleiken. Mange stiller i fleire klasser, og det er vorte meldt på heile 1750 enkeltdeltakingar fordelt på 524 startnummer. Dette er opp i mot rekorden frå Landskappleiken i Gol i 2024.
No er startlistene klare!
Startekkefølga er trekt, men vi har fløtt nokre deltakingar der vi har sett at det kolliderer. Der er viktig at alle som skal delta fleire gonger ser over om dei er sett opp med startnummer som kolliderer. Frist for attendemelding til FolkOrg er onsdag 4. juni.
Send e-post med forklaring på kva som må endrast til sina@folkorg.no eller ingeborg@folkorg.no – merk at det er kun naudsynte endringar vi kan gjere.
Her kan du sjå startlistene for Landskappleiken 2025 (lenke)
Oppdatert tevlingsplan
Tevlingsplanen vart oppdatert etter at påmeldingsfristen var ute. Ingen klassar har bytt dag, men nokon tidspunkt er justert. Her ser du den oppdaterte tevlingsplanen: Tevlingsplan LK 2025
Kongepokal i klassa for Dans hardingfele A
Vi er stolte og audmjuke over at H.M Kongen også i år gjev oss moglegheita å dele ut Kongepokal. I år vert Kongepokalen sett opp i klassa for Dans hardingfele A. Vinnarane av pokalen vert avgjort etter ein eigen finale laurdag kveld, og kven som til slutt blir vinnaren av Kongepokalen får vi vite under Meisterkonserten sundag formiddag.
Godt programmert dansespel og Bornas Landskappleik!
På Landskappleiken i år vert det godt programmert dansespeling - dans på tre golv og mykje bra dansemusikk! Alle dansegolva er plassert med mindre enn to minutt gangavstand frå kvarandre, og det vert moglegheit til å dansa frå kl 15.00 – 02.00! I løpet av dansespelinga kan ein og vere heldig og få med seg eit plateslepp! Landskappleiken er også festivalen for dei yngste. I Eidfjord vert det eit mangfaldig program for borna, og det vert moglegheit til å ta med borna på dans frå kl 15.00 kvar einaste dag.
Fleire plassar på Kappleikscampingen
No har vi opna for fleire plassar på kappleikscampingen på Landskappleiken i Eidfjord. Det er same pris og vilkår for desse plassane som dei fyrste plassane. Dei nye plassane er tett på arenaen. Bestill deg plass her: Kappleikscamping (link)
Framleis behov for frivillige!
Det er framleis behov for frivillige, med deg gjerne til ei vakt, vi er avhengige av frivillige for å lage Landskappleiken! De som er deltakarar og publikum frå år til år er jo ekspertar på kva som er ein god kappleik, så de er de aller beste frivillige!