For fyrste gong sidan 1988 skal vi dele ut to Kongepokalar på Landskappleiken. Det er klassene durspel og spel fele som står for tur. Dette er andre gongen Kongepokalen blir sett opp i klassa for durspel, og sjette gongen i spel fele.

- Etter to år med avlysing er det ekstra stas at vi kan dele ut heile to Kongepokalar under årets Landskappleik. Vi er takksame for at vi får denne moglegheita, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.

Landskappleiken har fått tildelt Kongepokal regelmessig sidan først på 1980-talet, og kvart år sidan 1992. Tildelinga av kongepokalen har rullert mellom alle soloklassene og parsdansklassene.

Kongepokalen har fram til no vorte satt opp slik:

Spel fele                                 
1980, 1992, 1999, 2005, 2013, 2022
Spel hardingfele                    
1981, 1988, 1998, 2004, 2011, 2019
Halling                                   
1984, 1993, 2000, 2007, 2015
Vokal                                     
1987, 1994, 2001, 2008, 2016
Dans hardingfele                   
1989, 1995, 2002, 2009, 2017
Dans fele                               
1988, 1996, 2003, 2010, 2018
Eldre folkemusikkinstrument 
1990, 1997, 2006, 2014
Durspel                                   
2012, 2022

 

Her finn du oversikt over alle tidlegare kongepokalvinnarar: https://folkorg.no/kongepokalvinnarar/

Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz.jpg

Øyvind Sandum, Kongepokalvinnar 2012
Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz

 

SpelFeleA_AndreasBjørkås_FotoKnutUtler_02(LK13).jpg

Andreas Bjørkås, Kongepokalvinnar 2013
Foto: Knut Utler