24. - 28. juni er det Landskappleik på Hovden, og vi gler oss til å invitere heile Folkemusikk-Noreg til Setesdal!
Vi opnar for påmelding til tevling 7. april og held oppe for påmelding fram til 20. april og det er billigast å melde seg på med det same!
Du må vere medlem i FolkOrg for å kunne delta på tevlingane. Vil du sjekke om du er medlem og finne fram til medlemsnummeret ditt i god tid, kan du sende sms med kodeord FolkOrg til 1950, så får du opp kva medlemsnr som er registrert på ditt telefon nr. Les meir om medlemskap i FolkOrg her
Kompakt arena for Landskappleiken
I år skal det tevlast på tre scener: Hovudscena, Idrettshallen og Teatersalen. Alle scenene ligg innanfor arenaområdet saman med serveringsteltet, noko som legg godt til rette for ein kompakt og samlande kappleik.
Kongepokal og finaler
Kongepokalen er i år satt opp i klassa Dans fele A, dette er sjette gongen pokalen vert sett opp i denne klassa. Her kan du lese kven som tidlegare har fått Kongepokal på Landskappleiken. Det blir i tillegg finale i klassene Vokal A og Halling A. Kven som vinn dei ulike klassane får vi vete på Meisterkonserten på sundag.
Kulturprogram for store og små
Vi opnar heile Landskappleiken med ei gild opningsframsyning onsdag! Utover i veka har vi har lagt vekt på eit godt program for born og bornefamiliar. Det vert familieprogram kvar morgon der vi byr på frukost og aktivitetar. Minikappleiken er også i år delt opp over tre dagar, det vert sjølvsagt gokartevling og det vert eiga ungdomsscene blant anna. Her kan du sjå det førebelse programmet for Landskappleiken
Er det i år du skal ta ei vakt som frivillig?
Det er ikkje så mange fastbuande på Hovden så vi treng alle frivillige vi kan få. Er det difor nettopp i år du skal ta ei frivilligvakt? Vi vil tilpasse slik at det passar inn med din deltaking og ønskjer ellers. Vi set stor pris på alle som melder seg til tjeneste! Klikk deg gjerne inn her: https://www.landskappleiken.no/friviljug.573505.no.html
Deltakaravgift
Påmeldingstida til Landskappleiken er i år frå 7. april til 20. mai. Det vert gradert påmeldingsavgift der det er billigast å melde seg på før 7. mai. All deltakaravgift går til lokal arrangør.
Deltakaravgifter 7. april t.o.m. 6. mai:
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: Kr 200 for første påmelding, 100 kr per påmelding vidare.
Senior og - A, -B og - D klassingar solo/gruppe/lag: Kr 400 for første påmelding, 200 kr per påmelding vidare.
Deltakaravgift 7. mai til 20. mai:
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: Kr 300 for første påmelding, 150 kr per påmelding vidare.
Senior og - A, -B og - D klassingar solo/gruppe/lag: Kr 500 for første påmelding, 250 kr per påmelding vidare.
Finn ditt medlemsnr
Alle som deltek på Landskappleiken må vere medlem i FolkOrg. Dette kostar per år kr 400 for vaksne, ungdom (18 - t.o.m. 25 år) kr 200 og kr 100 for born/ungdom under 18 år.
Les meir om medlemsskap og fordelar på nettsida til FolkOrg
Du kan sende sms til 1950 med kodeord “folkorg” for å sjå kva medlemsnr som er registrert på ditt telefon nr. (gratis-teneste)
Les heile tevlingsreglementet, vedteke av styret i FolkOrg her:
Tevlingsreglemet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk - FolkOrg
Dansespel
Vil du bidra til at det vert godt og variert dansespel på årets Landskappleik?
Les meir om å delta på dansespelet her
Kontakt oss gjerne
Ved spørsmål i høve påmeldingssystemet, tevlingsreglement m.m.
Ta gjerne kontakt med FolkOrg v/ Ingeborg Ulberg Sommer:
Mob: + 47 45 25 82 37
e-post: ingeborg@folkorg.no

